HVOR VAR DU 22. JULI 2011?

Fortell oss hvor du var, hvordan du først fikk høre om terrorhandlingene og hva du følte.

Alle kommentarer som inneholder ordet "gjekk"

Vis alle kommentarene

" Eg solgte is med Isrosa då me fekk SMS om me var OK. Var jo ikkje i Oslo so det var me, forstod ikkje kva dette var for noko og gjekk inn på NRK. Bombe i Oslo sentrum! Me satte opp laptopen ut mot gata og sette på NRK Nett-TV. Me vart til slutt ei slags informasjonsbu om kva som skjedde, fleire kom innom og me diskuterte og prøvde å få oversikt over kva som skjedde. Me gjekk tidleg heim den dagen, og dei neste dagane/vekene sat eg berre framfor TV-en og PC-en. "

- Odin Hørthe Omdal 25 år Vitebegjærlig

" Var på ferie i Lofoten med tre veninner - skulle heim neste dag. 22.juli var vi innom Krigsminnemuseet i Svolvær - tenkte på kor heldige vi er som lever i ei tid og eit land der det er så trygt og fredeleg. gjekk inn i ein butikk, høyrde nokon snakka om bombe i regjeringsbygget. Forstod ikkje med det same at det var her i landet. Resten av kvelden følgde vi sendingane via pc medan vi pakka og gjorde oss klare til heimreise. "

- IA 58 år Forvirret

" Åh, det var nære, tenkte eg. Eg slapp borhammaren og gjekk på altanen for å sjå kor lang tid det var mellom smellen og lynnedslaget. Himmelen var altfor ljos for torevær, men i timane som følgde kom mørket sigande likevel ... "

- Olav B 40 år Vitebegjærlig

" Var på senteret i lillehammer. På ein sportsbutikk der. Der hadde dei ein tv for og vise nokke sykkelritt som gjekk på tv en. Putselig bytta pogrammet seg og det stite seg mange folk rundt tv en. Regjeringskvartalet hadde sprengt so det på tv en. "

- Anonym 22 år Forvirret

" Eg og familien var på besøk hos foreldre mine, eg stod på kjøkkenet og laga middag. Venninna mi, som var på besøk fra Oslo hadde gått for å kvile litt, men ho kom snart tilbake. Ho hadde sjekka nyhetene på mobilen og kom ut på kjøkkenet og sa 'det har vært en eksplosjon i Oslo, kan vi sette på TV'en?' Venninna mi og mannen min vart sittande og måpe framfor TV'en. Eg tenkte at uansett kva som har skjedd så må familien min ha middag, så eg gjekk mellom kjøkkenet og stua og fekk med meg noko av sendinga, utan å vere i nærheten av å forstå omfanget eller alvoret. Eg hadde ikkje fantasi nok til å forestille meg kva som holdt på å skje. Først då eg stod opp neste dag, og hørte dødstala frå Utøya, forstod eg at dette er ramme alvor. Noko uforståeleg har skjedd, og landet vårt vil aldri heilt bli det samme igjen. "

- Synnøve 35 år Vitebegjærlig

" Me var heime. Sonen min såg på Tour de France på fjernsynet. Han ropar frå stoga: 'Det har vore ein eksplosjon i Oslo' Ettermiddagen og kvelden gjekk med framom fjernsynet. Me trudde mest ikkje det me såg. I starten var alle usikre på kva som utløyste eksplosjonen og det kom ulike meldingar samstundes som ein såg direkte frå regjeringskvartalet. Då dei fyrste meldingane frå Utøya kom var det som om redsla og det uhyggjelege krabba under huda. Dei symjande ungdomane i vatnet som flykta frå det som hende der ute. Hjelpemannskap og blinkane blåljos. På eit tidspunkt slo me av fjernsynet for å skjerme dei minste borna. Var det nokon frå Tokke som var på AUF leir? Dagen etter fekk me meldinga om at klassekameraten til sonen min var sakna på Utøya. Tårene kjem berre ein tenkjer på hendingane 22.juli 2011. "

- Alice 51 år Redd

" Eg var heime aleine, mamma, pappa og lillebror var på hytta utan mobildekning og storbror var i Oslo. Blei heilt ute av meg, huska at eg satt og grein framfor tven. gjekk fleire tima før eg insåg at Storebror var i Oslo, og at eg ikkje hadde peiling på kor han befant seg, og om han hadde det bra... Blei heilt hysterisk då eg ikkje fekk tak i han. Verkeleg ikkje riktig dag å være heime aleine på.. "

- Magnhild 19 år Forvirret

" Familie paa 4 som bur og arbeider i Midt-Austen. Fulgte med pa FB og nett-aviser. Kjente oss langt heimanfraa. Sendte sms til vaare bekjente som hadde sine born paa Utoya, - gjekk bra med dei vi kjente, saa ein var baade glad og trist og sjokkert om einannan. "

- Bergitte Kippernes 42 år Vitebegjærlig

" Kom heim fra jobb og fekk sett ei veldig forvirrande tv-sending om bombeeksplosjonen i Oslo. gjekk sidan og fekk sett den siste 'Harry Potter'-filmen. Da eg kom ut att fra filmen forstod eg ingenting. Det var heilt grufulle og ufattelege rapportar som kom gjennom tv-ruta. "

- Oyvind 29 år Trist

" Fekk ein SMS frå syster mi Ingebjørg som hadde høyrt bomba. Ho hadde prøver til eit teaterstykke i nærleiken av der det small. Var hyggeleg at ho spurte korleis det gjekk med meg og det hadde gått bra med ho. Satte meg og såg på nyheiter på nett resten av dagen og natta. Uhyggeleg og uventa for Noreg. "

- Anders Buen 42 år Vitebegjærlig

" Sat og såg på tour de france på tv2, og trudde fyrst som alle andre at det var utanlandske muslimar som var på ferde når teksta gjekk over skjermen. "

- Mst 41 år Vitebegjærlig

" Var på storsenteret og hørte tilfeldigvis ein som gjekk forbi og snakka i telefonen. Han sa at det var ei bombe som hadde sprengt. Eg gjekk umiddelbart til nrk.no på mobilen for å finna info. Eg fann også snart ein TV i ein butikk på senteret og fulgte med der ei stund. Ei stund etter dro vi heim til Holmlia og leste nettaviser då rykta byrja gå på Facebook om skyting på Utøya. Heilt uverkeleg stemning. Eg hadde også bekjente som hadde kjære som gjemte seg på Utøya og heldigvis overlevde. Då rykta gjekk ut over kvelden om det store dødstalet var det vanskeleg å tru det, eller ta det inn over seg, og då eg blei vekt laurdag morgon med nyhenda om over 80 drepte var det som å få eit spark i magen... "

- Holger Lockertsen 42 år Vitebegjærlig

" Eg var på ferie, og fekk melding frå ei veninne om det som skjedde i Oslo sentrum. Akkurat då eg hadde fått kontakt med dei eg kjende som kunne være i Oslo sentrum på den tida, og beskjed om at alt gjekk bra, starta skytinga på Utøya. Eg var heldig, og fekk møte dei næraste eg hadde på Utøya igjen. Likevel var kjensla av å vere bortreist, og ikkje kunne dele sorga med nokon, forferdeleg. "

- Lars 19 år Redd

" Eg hadde kvilt. Stod opp og gjekk ut Psyk avdeling på Tronvik og der stod det eit personal som fortalte at det hadde vore eksplosjon. Eg greidde ikkje å ta innover alvoret for eg gjekk inn å skurdde på tven. I 18 tida, fekk eg besøk av ei tante og me satt på rommet og såg det kom melding på skjermen om skyting på Utøya. Eg tenkte kva er som skjer. Me bur jo trygge, gode Norge. "

- Solvieg Kristine Hope 26 år Forvirret

" Vi var to søstre med familier på ei hytte og vi hadde hatt ein super dag i lag ved sjøen.Vi vaska opp og høyrte på radioen, då meldinga kom om eksplosjon i regjeringskvartalet. Det vart berre meir uvirkelig dess meir informasjon vi fekk og vi sette på tv-en og den stod på lenge, men vi prøvde å skåne barna litt.Men vi måtte berre vite kva som skjedde.Var det ein terrororganisasjon? Islamittisk? Så kom meldinga om skyting på Utøya.Og etterkvart fikk vi vita at gjerningsmannen var sannsynligvis etnisk norsk.Dagen etter skrudde vi straks på nyhetene og hendingane med antall døde og skada gjekk opp for oss med all sin gru.Det var som om det la seg ei mørk, tung sky over den vakre sommerdagen, alle kjenslene våre og heile nasjonen. Og eg kjente ekstra mykje på at vi må ta godt vare på kvarandre. Og eg kjente tilhørighet med alle eg møtte som om vi sa:vi står i saman mot vonde krefter. "

- Marita 39 år Trist

" Hadde vore hos far min, var på veg heim. Høyrde på radioen i bilen at noko hadde skjedd i Oslo. Vart både redd og forvirra, hadde 11.september i minnet. Som fersk lokalavisredaktør hadde eg same dagen lært nettavis og gjekk rett på jobb. Ana alvoret då eg snakka med lokal Ap-leiar. Vart sint etter kvart, og veldig trist. "

- Randi 56 år Redd

" Eg hadde akkurat kome heim frå ferie, og stod i stova i 10. etasje og bretta nyvaska klede. Plutseleg høyrde eg eit høgt smell, og såg ein stor soppsky stige opp frå sentrum. Det tok tid før det var mogleg å forstå omfanget og kva som faktisk hadde skjedd, men då det gjekk opp for meg var det som om Noreg hadde mista uskulda si. "

- Erik Bolstad 35 år Vitebegjærlig

Søk i kommentarene:

Antall forekomster av utvalgte ord

Oslo ( 1075 )
fikk ( 811 )
Utøya ( 680 )
tv ( 668 )
Satt ( 594 )
Hørte ( 523 )
hjem ( 506 )
Norge ( 429 )
gikk ( 414 )
skjedd ( 410 )
dagen ( 393 )
helt ( 352 )
bombe ( 326 )
regjeringskvartalet ( 313 )
nyhetene ( 313 )
Trodde ( 297 )
Hele ( 295 )
tenkte ( 293 )
jobb ( 281 )
kvelden ( 266 )
vei ( 241 )
sa ( 239 )
bomben ( 238 )
hjemme ( 236 )
Ringte ( 236 )
se ( 235 )
uvirkelig ( 234 )
veldig ( 227 )
skjønte ( 223 )
eksplosjon ( 223 )
første ( 222 )
skjedde ( 205 )
radioen ( 200 )
resten ( 197 )
NRK ( 192 )
fulgte ( 190 )
aldri ( 187 )
venner ( 186 )
senere ( 184 )
Alt ( 184 )
måtte ( 183 )
redd ( 183 )
litt ( 179 )
dag ( 177 )
gått ( 176 )
ferie ( 173 )
skyting ( 170 )
høre ( 166 )
begynte ( 165 )
fortalte ( 158 )
trist ( 156 )
kjente ( 155 )
sjokk ( 153 )
akkurat ( 152 )
sentrum ( 152 )
sms ( 149 )
Slo ( 145 )
sammen ( 144 )
nyheter ( 143 )
juli ( 139 )
flere ( 138 )
radio ( 137 )
langt ( 126 )
følte ( 126 )
bilen ( 124 )
rundt ( 124 )
sto ( 122 )
gang ( 121 )
folk ( 119 )
neste ( 117 )
smalt ( 116 )
tok ( 115 )
visste ( 115 )
komme ( 114 )
igjen ( 113 )
leste ( 108 )
ei ( 108 )
stod ( 107 )
familie ( 106 )
plutselig ( 104 )
forvirret ( 102 )
husker ( 102 )
Tour ( 100 )
dro ( 100 )
familien ( 99 )
eksplosjonen ( 99 )
byen ( 98 )
to ( 98 )
kommet ( 96 )
natten ( 96 )
France ( 95 )
jag ( 94 )
meldingene ( 93 )
via ( 91 )
etterpå ( 90 )
nyheten ( 90 )
skje ( 89 )
etterhvert ( 89 )
omfanget ( 89 )
och ( 88 )