"
Vi var i Danmark for å vitje mormor og morfar. Syster mi fekk ei melding frå kjærasten sin: 'Det har gått av ei bombe i Oslo'. Nei, tenkte eg, no har det hendt med vesle Noreg òg. Eg sprang til fjernsynet for å finne ut meir. Som reportasjen i TV-avisen rulla, pløygde ei kjensle av vonløyse og surrealitet seg gjennom hugen min. Aldri hadde eg trudd, at eit åtak i Noreg ville råke så hardt og smertefullt. Kvil i fred, offer for Breivik. De skal for alltid minnast! "
-
Kristofer Olai Ravn Stavseng
20 år
Vitebegjærlig
"
Hadde hatt mi siste nattevakt.Ni vakter var overstått. Dagen skulle tilbringast i senga, med snop og computer. Utanfor, i gågata begynte danskane å gjera seg klare til ei veke med festival.
Musikk,dans, og typisk dansk flatfyll.
Sjølv om eg bur i Danmark,høyrer eg berre norsk radio.Då meldinga kom,om ein eksplosjon i Oslo,fekk eg med ein gong heimlengt.Festen byrja å ta av i gata, og eg låg som forsteina i senga. Etterkvart som dei tragiske vitnesbyrda vart fleire,vart eg meir og meir forvirra.Men då meldinga kom, om at born var skotne,vart eg sint.
Den kvelden fekk eg eit anna syn på Noreg, og kva det vil seia å vera norsk.
Sjølv om terroristen forsøkte å ødelegga landet vårt,for det var det som var planen, kjem han ikkje til å lukkast. Me er eit lite folk, men me er stae.Og me er gode. "
-
EspenV
43 år
Trist
"
Under åtaket i Oslo var eg på sykkel mellom Stavanger og Sandnes for å sjå Blinkfestivalen (langrenn og skiskyting på rulleski). Eg fikk først høre om det av speaker som informerte om at 'me held foreløpig fram etter planen, til tross for hendelsane i Oslo no i ettermiddag'. meir spesifiserte han ikkje, men straks etter leste eg om eksplosjonen på nettbrettet til sidedama på tribuna. På det tidspunktet var veldig lite klart om hendelsane, men eg hugsar eg trudde det kanskje ikkje var ein muslimsk terrorist fordi åtaket ramma eit politisk mål og ikkje ein stad med mykje folk som på andre åtak i Europa. Veit ikkje om det var rasjonell tenking eller berre resultat av eit inderleg 'håp', i den grad ein kan seie det om ein slik situasjon, om at terroristen ikkje var av 'ikkje-europeisk opphav'.
Etter at eg kom heim byrja også rapportane frå Utøya å tikke inn og vi ana etter kvart at dette ikkje var som tidligare terroråtak i Europa, men derimot enda meir grufullt. "
-
Jakob Kalvig Skogan
18 år
Vitebegjærlig
"
Var på veg heim frå ferie, slo på radioen og høyrde om bomba ('Her i vårt land????').Så kom forvirrande meldingar om skyting på Utøya, eg vart sint ('Ein tulling skal utnytta situasjonen for å få merksemd') Stoppa på Moi for middag, attende i bilen meir urovekkjande meldingsar: Han skaut jo på folk! Det hadde eg aldri kunna sett føre meg, og har problem med det framleis. "
-
Berit Irene
66 år
Trist
"
Uten tilgong på fjernsyn, fekk me fyrste meldingane på radio. I byrjinga høyrde det ikkje ut som om opplesaren trudde at dette var sant, men berre eit rykte som dei venta skulle verta avkrefta. Høyrde på radio døgnet rundt i fleire dagar og vart meir og meir trist og sorgfull på vegne av dei som vart råka. I ettertid ser eg at me, med tilgong til radio som einaste medium dei fyrste dagane, kanskje fekk ei anna tilnærming til den fryktelege hendinga enn andre som vart bombardert med lyd, bilete og aviser heile tida. "
-
Mons
59 år
Forvirret
"
Eg kom heim frå skulen, og medan me åt middag fortalde pappa kva som hadde skjedd. Det hadde vore ein stor eksplosjon i Oslo. Me lurte på kva det var som kunne laga ein så stor eksplosjon, det måtte jo vera ei ulukke? Men diverre var det ikkje det. Utover ettermiddagen såg me på nyhendesendingane og prøvde å forstå. Men det var altfor stort til å skjøna. Då nyhendene om Utøya kom var det blitt umogleg å skjøna. Eg var lei meg, men sidan eg ikkje eigentleg klarde å ta innover meg hendingane var eg eigentleg meir forvirra enn trist denne dagen. Neste dag då tala frå Utøya kom, byrja eg grine. Og eg grein jamnleg dei neste tre-fire dagane. Framleis var det uforståeleg, men eg tenkte på alle familiane som var blitt råka. Det var forferdeleg. "
-
Ingvild
18 år
Forvirret
"
Eg komm rett frå jobb den dagen og startet PC får eg skulle sjekke nyhetene. VG nett sida stå det at Oslo hadde blitt bomba. Smme var det på NRK og på Facebook. Etter det blei eg klistret forann bådde NRK og TV2 nyhetskanalen heile helga. Og håpet som resten av norge at tala ikkje skulle stige meir enn det gjorde. "
-
Katarina
27 år
Trist
"
Sat og oppdaterte meg på nyhendebiletet, nesten på veg ut døra - så kom framsida på nettsidene med bombeeksplosjon i Oslo. Eg vart berre sitjande utover ettermiddagen og følgde med. Orienterte meg om vener i Oslo, meir og meir forvirra og uroa.
Fylgde med på Twitter der det etter kvart kom forferdelege meldingar frå Utøya, retweeta av gamle AUF-arar som fekk rapportar. Måtte etter kvart reise heim, fylgde med og var etter kvart nesten letta over at det var ein nordmann og ikkje ein muslim. Sovna på sofaen til slutt med TV-en på, vakna midt på natta av pressekonferansen der politidirektøren offentleggjorde det dei då trudde var dødstalet. Berre gret og gret utover morgonen og heile helga etter som dei grufulle historiene kom fram. "
-
Vidar
38 år
Forvirret
"
Dette var etter eksplosjonen i sentrum. Vantru, måtte ha meir informasjon om kva som ar skjedd. "
-
KJersti
47 år
Vitebegjærlig
"
Vi var to søstre med familier på ei hytte og vi hadde hatt ein super dag i lag ved sjøen.Vi vaska opp og høyrte på radioen, då meldinga kom om eksplosjon i regjeringskvartalet. Det vart berre meir uvirkelig dess meir informasjon vi fekk og vi sette på tv-en og den stod på lenge, men vi prøvde å skåne barna litt.Men vi måtte berre vite kva som skjedde.Var det ein terrororganisasjon? Islamittisk? Så kom meldinga om skyting på Utøya.Og etterkvart fikk vi vita at gjerningsmannen var sannsynligvis etnisk norsk.Dagen etter skrudde vi straks på nyhetene og hendingane med antall døde og skada gjekk opp for oss med all sin gru.Det var som om det la seg ei mørk, tung sky over den vakre sommerdagen, alle kjenslene våre og heile nasjonen.
Og eg kjente ekstra mykje på at vi må ta godt vare på kvarandre. Og eg kjente tilhørighet med alle eg møtte som om vi sa:vi står i saman mot vonde krefter. "
-
Marita
39 år
Trist
"
Pusla utanfor huset og naboen hadde radioen på i garasja då meldingane om bomba kom på nyheitene. Ettermiddagen vart berre meir og meir surrealistisk når meldingane om skyting på Utøya også kom. "
-
Daniel
37 år
Sint
"
Høyrte det på radioen, som stod lavt på i bilen. Eg skulle hente samboern min på ein båt. Først sa dei det var ein eksplosjon, og eg trudde det berre var noko som hadde tilfeldig eksplodert, ei ulykke. Samboern min skrudde opp lyden, og ettersom vi nerma oss heimen vår, blei nyhetene meir og meir virkelig og forferdelig, kunne dette skje i vårt land, sa vi då. Det første vi tenkte var selvmordsbomber. Når vi kom heim såg me på nyhetene på tv, der fekk me høyre om skyting på Utøya... Det var uvirkelig og grusomt. Mine medkjensler går til dei etterlatte og overlevande.... "
-
Merete
38 år
Forvirret
"
Eg fekk nyheitsmelding frå NRK Nyheiter. Tenkte 'kva skjer?' og sende tekstmeldingar til eit par kameratar heime. Ringde NRK sin Nyheitstelefon for å få vite meir, men der var det mest sport... "
Alle kommentarer som inneholder ordet "meir"
Vis alle kommentarene" Vi var i Danmark for å vitje mormor og morfar. Syster mi fekk ei melding frå kjærasten sin: 'Det har gått av ei bombe i Oslo'. Nei, tenkte eg, no har det hendt med vesle Noreg òg. Eg sprang til fjernsynet for å finne ut meir. Som reportasjen i TV-avisen rulla, pløygde ei kjensle av vonløyse og surrealitet seg gjennom hugen min. Aldri hadde eg trudd, at eit åtak i Noreg ville råke så hardt og smertefullt. Kvil i fred, offer for Breivik. De skal for alltid minnast! "
- Kristofer Olai Ravn Stavseng 20 år Vitebegjærlig" Hadde hatt mi siste nattevakt.Ni vakter var overstått. Dagen skulle tilbringast i senga, med snop og computer. Utanfor, i gågata begynte danskane å gjera seg klare til ei veke med festival. Musikk,dans, og typisk dansk flatfyll. Sjølv om eg bur i Danmark,høyrer eg berre norsk radio.Då meldinga kom,om ein eksplosjon i Oslo,fekk eg med ein gong heimlengt.Festen byrja å ta av i gata, og eg låg som forsteina i senga. Etterkvart som dei tragiske vitnesbyrda vart fleire,vart eg meir og meir forvirra.Men då meldinga kom, om at born var skotne,vart eg sint. Den kvelden fekk eg eit anna syn på Noreg, og kva det vil seia å vera norsk. Sjølv om terroristen forsøkte å ødelegga landet vårt,for det var det som var planen, kjem han ikkje til å lukkast. Me er eit lite folk, men me er stae.Og me er gode. "
- EspenV 43 år Trist" Under åtaket i Oslo var eg på sykkel mellom Stavanger og Sandnes for å sjå Blinkfestivalen (langrenn og skiskyting på rulleski). Eg fikk først høre om det av speaker som informerte om at 'me held foreløpig fram etter planen, til tross for hendelsane i Oslo no i ettermiddag'. meir spesifiserte han ikkje, men straks etter leste eg om eksplosjonen på nettbrettet til sidedama på tribuna. På det tidspunktet var veldig lite klart om hendelsane, men eg hugsar eg trudde det kanskje ikkje var ein muslimsk terrorist fordi åtaket ramma eit politisk mål og ikkje ein stad med mykje folk som på andre åtak i Europa. Veit ikkje om det var rasjonell tenking eller berre resultat av eit inderleg 'håp', i den grad ein kan seie det om ein slik situasjon, om at terroristen ikkje var av 'ikkje-europeisk opphav'. Etter at eg kom heim byrja også rapportane frå Utøya å tikke inn og vi ana etter kvart at dette ikkje var som tidligare terroråtak i Europa, men derimot enda meir grufullt. "
- Jakob Kalvig Skogan 18 år Vitebegjærlig" Var på veg heim frå ferie, slo på radioen og høyrde om bomba ('Her i vårt land????').Så kom forvirrande meldingar om skyting på Utøya, eg vart sint ('Ein tulling skal utnytta situasjonen for å få merksemd') Stoppa på Moi for middag, attende i bilen meir urovekkjande meldingsar: Han skaut jo på folk! Det hadde eg aldri kunna sett føre meg, og har problem med det framleis. "
- Berit Irene 66 år Trist" Uten tilgong på fjernsyn, fekk me fyrste meldingane på radio. I byrjinga høyrde det ikkje ut som om opplesaren trudde at dette var sant, men berre eit rykte som dei venta skulle verta avkrefta. Høyrde på radio døgnet rundt i fleire dagar og vart meir og meir trist og sorgfull på vegne av dei som vart råka. I ettertid ser eg at me, med tilgong til radio som einaste medium dei fyrste dagane, kanskje fekk ei anna tilnærming til den fryktelege hendinga enn andre som vart bombardert med lyd, bilete og aviser heile tida. "
- Mons 59 år Forvirret" Eg kom heim frå skulen, og medan me åt middag fortalde pappa kva som hadde skjedd. Det hadde vore ein stor eksplosjon i Oslo. Me lurte på kva det var som kunne laga ein så stor eksplosjon, det måtte jo vera ei ulukke? Men diverre var det ikkje det. Utover ettermiddagen såg me på nyhendesendingane og prøvde å forstå. Men det var altfor stort til å skjøna. Då nyhendene om Utøya kom var det blitt umogleg å skjøna. Eg var lei meg, men sidan eg ikkje eigentleg klarde å ta innover meg hendingane var eg eigentleg meir forvirra enn trist denne dagen. Neste dag då tala frå Utøya kom, byrja eg grine. Og eg grein jamnleg dei neste tre-fire dagane. Framleis var det uforståeleg, men eg tenkte på alle familiane som var blitt råka. Det var forferdeleg. "
- Ingvild 18 år Forvirret" Eg komm rett frå jobb den dagen og startet PC får eg skulle sjekke nyhetene. VG nett sida stå det at Oslo hadde blitt bomba. Smme var det på NRK og på Facebook. Etter det blei eg klistret forann bådde NRK og TV2 nyhetskanalen heile helga. Og håpet som resten av norge at tala ikkje skulle stige meir enn det gjorde. "
- Katarina 27 år Trist" Sat og oppdaterte meg på nyhendebiletet, nesten på veg ut døra - så kom framsida på nettsidene med bombeeksplosjon i Oslo. Eg vart berre sitjande utover ettermiddagen og følgde med. Orienterte meg om vener i Oslo, meir og meir forvirra og uroa. Fylgde med på Twitter der det etter kvart kom forferdelege meldingar frå Utøya, retweeta av gamle AUF-arar som fekk rapportar. Måtte etter kvart reise heim, fylgde med og var etter kvart nesten letta over at det var ein nordmann og ikkje ein muslim. Sovna på sofaen til slutt med TV-en på, vakna midt på natta av pressekonferansen der politidirektøren offentleggjorde det dei då trudde var dødstalet. Berre gret og gret utover morgonen og heile helga etter som dei grufulle historiene kom fram. "
- Vidar 38 år Forvirret" Dette var etter eksplosjonen i sentrum. Vantru, måtte ha meir informasjon om kva som ar skjedd. "
- KJersti 47 år Vitebegjærlig" Vi var to søstre med familier på ei hytte og vi hadde hatt ein super dag i lag ved sjøen.Vi vaska opp og høyrte på radioen, då meldinga kom om eksplosjon i regjeringskvartalet. Det vart berre meir uvirkelig dess meir informasjon vi fekk og vi sette på tv-en og den stod på lenge, men vi prøvde å skåne barna litt.Men vi måtte berre vite kva som skjedde.Var det ein terrororganisasjon? Islamittisk? Så kom meldinga om skyting på Utøya.Og etterkvart fikk vi vita at gjerningsmannen var sannsynligvis etnisk norsk.Dagen etter skrudde vi straks på nyhetene og hendingane med antall døde og skada gjekk opp for oss med all sin gru.Det var som om det la seg ei mørk, tung sky over den vakre sommerdagen, alle kjenslene våre og heile nasjonen. Og eg kjente ekstra mykje på at vi må ta godt vare på kvarandre. Og eg kjente tilhørighet med alle eg møtte som om vi sa:vi står i saman mot vonde krefter. "
- Marita 39 år Trist" Pusla utanfor huset og naboen hadde radioen på i garasja då meldingane om bomba kom på nyheitene. Ettermiddagen vart berre meir og meir surrealistisk når meldingane om skyting på Utøya også kom. "
- Daniel 37 år Sint" Høyrte det på radioen, som stod lavt på i bilen. Eg skulle hente samboern min på ein båt. Først sa dei det var ein eksplosjon, og eg trudde det berre var noko som hadde tilfeldig eksplodert, ei ulykke. Samboern min skrudde opp lyden, og ettersom vi nerma oss heimen vår, blei nyhetene meir og meir virkelig og forferdelig, kunne dette skje i vårt land, sa vi då. Det første vi tenkte var selvmordsbomber. Når vi kom heim såg me på nyhetene på tv, der fekk me høyre om skyting på Utøya... Det var uvirkelig og grusomt. Mine medkjensler går til dei etterlatte og overlevande.... "
- Merete 38 år Forvirret" Eg fekk nyheitsmelding frå NRK Nyheiter. Tenkte 'kva skjer?' og sende tekstmeldingar til eit par kameratar heime. Ringde NRK sin Nyheitstelefon for å få vite meir, men der var det mest sport... "
- Gunnar 36 år VitebegjærligAntall forekomster av utvalgte ord
Oslo ( 1075 )fikk ( 811 )
Utøya ( 680 )
tv ( 668 )
Satt ( 594 )
Hørte ( 523 )
hjem ( 506 )
Norge ( 429 )
gikk ( 414 )
skjedd ( 410 )
dagen ( 393 )
helt ( 352 )
bombe ( 326 )
regjeringskvartalet ( 313 )
nyhetene ( 313 )
Trodde ( 297 )
Hele ( 295 )
tenkte ( 293 )
jobb ( 281 )
kvelden ( 266 )
vei ( 241 )
sa ( 239 )
bomben ( 238 )
hjemme ( 236 )
Ringte ( 236 )
se ( 235 )
uvirkelig ( 234 )
veldig ( 227 )
skjønte ( 223 )
eksplosjon ( 223 )
første ( 222 )
skjedde ( 205 )
radioen ( 200 )
resten ( 197 )
NRK ( 192 )
fulgte ( 190 )
aldri ( 187 )
venner ( 186 )
senere ( 184 )
Alt ( 184 )
måtte ( 183 )
redd ( 183 )
litt ( 179 )
dag ( 177 )
gått ( 176 )
ferie ( 173 )
skyting ( 170 )
høre ( 166 )
begynte ( 165 )
fortalte ( 158 )
trist ( 156 )
kjente ( 155 )
sjokk ( 153 )
akkurat ( 152 )
sentrum ( 152 )
sms ( 149 )
Slo ( 145 )
sammen ( 144 )
nyheter ( 143 )
juli ( 139 )
flere ( 138 )
radio ( 137 )
langt ( 126 )
følte ( 126 )
bilen ( 124 )
rundt ( 124 )
sto ( 122 )
gang ( 121 )
folk ( 119 )
neste ( 117 )
smalt ( 116 )
tok ( 115 )
visste ( 115 )
komme ( 114 )
igjen ( 113 )
leste ( 108 )
ei ( 108 )
stod ( 107 )
familie ( 106 )
plutselig ( 104 )
forvirret ( 102 )
husker ( 102 )
Tour ( 100 )
dro ( 100 )
familien ( 99 )
eksplosjonen ( 99 )
byen ( 98 )
to ( 98 )
kommet ( 96 )
natten ( 96 )
France ( 95 )
jag ( 94 )
meldingene ( 93 )
via ( 91 )
etterpå ( 90 )
nyheten ( 90 )
skje ( 89 )
etterhvert ( 89 )
omfanget ( 89 )
och ( 88 )